Norskopplegg for grunnkurset med utdrag fra læreplanen
Når det gjelder dette kurset, vil vi forsøke å ta utgangspunkt i formålet med opplæringen (se formålsparagrafen nedenfor), spesielt de punktene som er uthevet.
Formålsparagrafen setter eleven i sentrum. Ut fra formålsparagrafen vil elevene og jeg arbeide for å nå målene i læreplanen.
Når det gjelder norsk, er det to ting som er viktige:
Av disse to tingene er det den muntlige uttrykksevnen som gir størst rom for eleven til egenutvikling i tråd med formålsparagrafens § 1-2 (se nedenfor). Det vil derfor være naturlig å legge vekt på å forbedre elevenes muntlige ferdigheter.
Prøver i skoleåret
Vi tar sikte på tre prøver/innleveringer i terminen. På grunn av at de fleste oppgavebesvarelser kan finnes på Internett, må innleveringer begrenses.
Undervisningsopplegg
Norsk er et omfattende fag dersom vi går ut fra læreplanen i norsk; det er mye vi skal gjennom dersom vi skal følge læreplanen. Det vi imidlertid kan gjøre, er å legge opp til arbeidsmåter som gjør at klassen gjennom sitt arbeid oppfyller kravene i læreplanen, samtidig som vi dekker det som er viktigst: Å kunne uttrykke seg godt skriftlig (læreplanen mål 2 og 2.1 Felles mål for modul 1 og 2), og å kunne bruke språket muntlig i ulike sammenhenger (læreplanen mål 1 og 2.1 Felles mål for modul 1 og 2).
Det kan derfor være fornuftig å se på norskfaget som et stort prosjekt hvor de viktigste målene er:
Dette store prosjektet deler vi inn i en rekke mindre delprosjekter. Ansvaret for disse delprosjektene legges på lærer og elever.
Vi arbeider oss gjennom lærestoffet kronologisk og bruker lærebøkene som startpunkt. I størst mulig grad lager grupper av elever sammendrag av det som er viktig å få med seg, slik at alle ved slutten av norskkurset har et sett med notater som letter repetisjon. Elevene presenterer arbeidet sitt muntlig og skriftlig der det passer. Disse presentasjonene blir vurdert med karakter og kan erstatte/supplere prøver/innleveringer som er nevnt i "Prøver i skoleåret".
I løpet av året skal elevene gjennomføre ett eller flere prosjektarbeid. I minst ett av prosjektarbeidene skal flere fag, både felles allmenne fag og studieretningsfag, inngå.
Besl.O.nr.68 (1997-1998)
Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.
Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane og lærlingane i den personlege utviklinga deira. Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten.
Opplæringa i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.
Opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket.
Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen.
Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.
Utdrag fra
Læreplan for videregående opplæring
Norsk
Felles allment fag for alle studieretninger
Kapittel 2: Mål og hovudmoment
2.1 Felles mål for modul 1 og 2
2.2 Modul 1 Grunnkurs for yrkesfaglege studieretningar
2.3 Modul 2 Vidaregåande kurs I for yrkesfaglege studieretningar
Kapittel 3: Vurdering
3.1 Kvifor vurdering?
3.2 Kva skal vurderast?
3.3 Korleis skal ein vurdere?
3.4 Spesielle forhold som gjeld vurdering i Norsk
Vedlegg 2
Vurderingsordningar i norsk
Kapittel 2: Mål og hovudmoment
2.1 Felles mål for modul 1 og 2
Elevane skal
· kunne uttrykkje seg klart og presist, både skriftleg og munnleg, og kunne avpasse innhald og språkbruk etter kva slags samanhengar ein ordlegg seg i
· kjenne og kunne nytte fagtermar frå yrkesområdet sitt i sakprosatekstar
· ha kunnskap om grammatikk og vanlege stilistiske verkemiddel og kunne nytte denne kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
· ha kunnskap om korleis situasjonen påverkar språkbruken og kunne nytte denne
kunnskapen i praksis
· ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne lese og kommentere ulike slag tekstar
· ha kunnskap om dei viktigaste sjangrane i skjønnlitteratur og sakprosa og kunne skrive
ulike slag tekstar
· ha kunnskap om korleis ein utviklar, byggjer opp, endrar og skriv ferdig ein tekst og kunne bruke denne kunnskapen i si eiga skriving
· kjenne ulike variantar av talemålet i sitt eige miljø
· ha kunnskap om språksituasjonen i Noreg i dag
· ha kunnskap om norsk litteratur med hovudvekt på tida etter 1940
· ha noko kjennskap til omsett samisk litteratur
· ha noko kunnskap om viktige massemedium og korleis dei påverkar oss
· kunne bruke bøker, aviser og andre massemedium som informasjonskjelder
· kjenne til og kunne bruke hjelpemiddel som ordbøker, leksika og andre oppslagsverk
· kunne planleggje og gjennomføre eit prosjektarbeid
2.2 Modul 1 Grunnkurs for yrkesfaglege studieretningar
Mål 1 Munnleg bruk av språket
Elevane skal kunne bruke talespråket i ulike situasjonar og kunne avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal kunne nytte vanlege munnlege framstillingsformer, til dømes
- forteljing (t.d. om ei oppleving eller eit saksforhold)
- referat/resymé
- innleiing til diskusjon
- diskusjon i klassen og i mindre grupper
- presentasjon
- instruksjon (t.d. om bruken av teknisk utstyr, maskinar og arbeidsreiskapar)
- andre yrkesretta aktivitetar etter behov
Mål 2 Skriftleg bruk av språket
Elevane skal kunne bruke skriftspråket i hovudmålet i ulike samanhengar og
kunne avpasse innhald og språkbruk etter situasjonen
Hovudmoment
Elevane skal få øving i å skrive i ulike sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes
- enkle resonnerande framstillingar
- novelle/forteljing
- møteinnkalling
- referat (inkludert møtereferat)
- brev (ulike typar som søknad, bestillingsbrev og lesarbrev)
- rapport
- andre yrkesretta oppgåver etter behov
Mål 3 Språk- og kommunikasjonslære
Elevane skal ha kunnskap om språk- og kommunikasjonslære og kunne nytte denne
kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
Hovudmoment
Elevane skal
- ha grunnleggjande kunnskap om rettskriving, formverk og språkføring i hovudmålet
- ha grunnleggjande kunnskap om ordlære og setningslære, og kunne nytte kunnskapen i arbeidet med språk og tekst
- kjenne dei viktigaste elementa i språkleg kommunikasjon og kunne bruke denne
kunnskapen i praktisk arbeid med språket
Mål 4 Litteratur
Elevane skal ha kunnskap om norsk litteratur i ulike sjangrar med hovudvekt på litteratur frå tida etter 1940. I nokon grad kan ein også trekkje inn
tekstar frå andre nordiske land og frå verdslitteraturen. Det er eit mål at arbeidet med litteraturen skal skape interesse for og glede over å lese
litteratur
Hovudmoment
Elevane skal
- ha lese og kunne gjere greie for eit utval av nyare norsk skjønnlitteratur og sakprosa i begge målformer. Omsett samisk litteratur skal vere med i utvalet. I
utvalet av tekstar skal
både kvinnelege og mannlege forfattarar vere representerte. Desse sjangrane skal vere
med i utvalet:
- Ein dramatisk tekst (lese el. sjå)
- Eit representativt utval av noveller (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
- Eit representativt utval av dikt (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
- Eit variert utval av sakprosatekstar, gjerne med tema frå yrkeslivet (ca. halvparten av utvalet i modul 1, resten i modul 2)
- ha kunnskap om grunnelement i tekstanalyse og kunne bruke denne kunnskapen når ein
arbeider med litteratur
- ha noko kunnskap om sentrale forfattarar i samband med dei litterære tekstane
Mål 5 Massemedium
Elevane skal ha noko kunnskap om massemedium som informasjonskjelde
Hovudmoment
Elevane skal
- ha noko kunnskap om viktige massemedium (t.d. bøker, aviser, tidsskrift, vekeblad, radio, fjernsyn og film) og korleis dei påverkar oss
- ha kunnskap om viktige trekk ved reklame og vanlege verkemiddel i reklametekstar
Mål 6 Studieteknikk
Elevane skal utvikle gode arbeidsmåtar i faget og kunne overføre denne kunnskapen også til arbeidet med andre fag
Hovudmoment
Elevane skal
- ha kunnskap om og kunne nytte elementær studieteknikk
- kjenne til og kunne bruke ordlister, ordbøker og andre typar oppslagsverk som hjelpemiddel
- kunne nytte biblioteket for å finne fram til stoff dei treng
- kunne nytte ulike arbeidsformer i faget, til dømes gruppearbeid og prosjektarbeid
Kapittel 3: Vurdering
3.1 Kvifor vurdering?
Målet med vurdering er å sikre ein nasjonal standard i opplæringa slik at vi kan få eit godt og likeverdig opplæringstilbod for alle. Vurderinga må byggje på måla for faget,
slik dei er formulerte i læreplanen.
Vurdering har ulike føremål, mellom anna
· å informere eleven, føresette, læraren og skolen i arbeidet fram mot eit læringsmål
· å rettleie, motivere og utvikle eleven
· å motivere læraren til kontinuerleg å vurdere undervisningspraksisen sin
· å informere samfunnet, arbeidslivet og vidare utdanning om den kompetansen eleven har oppnådd
3.2 Kva skal vurderast?
· Måla for opplæringa, slik dei er fastsette i den generelle delen av læreplanen og i kapittel 2 i denne læreplanen, dannar grunnlaget for vurderinga
· Det er eleven sin samla kompetanse som skal vurderast, slik denne kompetansen er formulert i måla for opplæringa
· Vurderinga av eleven skal vise i kva grad ho/han har nådd måla i læreplanen
3.3 Korleis skal ein vurdere?
Ein skil mellom to hovudtypar av vurdering:
· Vurdering undervegs.
· Avsluttande vurdering.
Vurdering undervegs har som føremål å informere og motivere elevane og lærarane i arbeidet med å nå opplæringsmåla. Slik vurdering kan vere formell eller
uformell. Eit nyttig hjelpemiddel i vurderingsarbeidet undervegs kan vere at eleven fører arbeidsbok, loggbok, dagbok eller liknande som er knytt til gjennomføringa av
opplæringa. Den formelle vurderinga undervegs kjem til uttrykk i terminkarakterane. Lærarane vil finne idear og hjelp til vurderingsarbeidet i ei metodisk rettleiing.
Avsluttande vurdering kjem til uttrykk i standpunktkarakterar og i dokumenterte resultat av avsluttande eksamen.
3.4 Spesielle forhold som gjeld vurdering i Norsk
Eksamensoppgåver til skriftleg eksamen skal i hovudsak vere knytte til mål og hovudemne for faget. Dersom eksamen i norsk består av to skriftlege eksamensdagar,
skal den eine oppgåva skrivast på hovudmålet og den andre på sidemålet.
Standpunktkarakterane i norsk skriftleg (hovudmål og sidemål) skal setjast på grunnlag av eit breiare utval av oppgåvetypar og skrivesituasjonar enn
eksamenskarakteren, og ikkje berre på grunnlag av oppgåvetypar som eleven kan få til eksamen. Eksamenskarakterane og standpunktkarakterane skal til saman
dokumentere brei skriftleg kompetanse i norsk.
For vurdering av norsk skriftleg og oppgåvetypar til norskeksamen viser ein til Vurderingsrettleiingar i norsk, utgitt av Eksamenssekretariatet.
Vurdering av særemnet i norsk (vidaregåande kurs II) skal inngå som ein del av karakteren i norsk skriftleg dersom eleven leverer ei skriftleg oppgåve. Dersom
særemnet blir munnleg presentert, inngår det som ein del av vurderinga i norsk munnleg.
I kvart av skoleåra skal elevane gjennomføre eitt eller fleire prosjektarbeid. I minst eitt av prosjektarbeida skal fleire fag, både felles allmenne fag og studieretningsfag,
inngå.
Vi viser elles til vedlegg 2 - Vurderingsordningar.
Vedlegg 1
Timetal og modular
Det felles allmenne faget norsk på 150-187-187 årstimar (gjennomsnittleg 4-5-5 veketimar) kan delast i 4 modular. Modul 1 og 2 er obligatoriske i alle studieretningar. I
yrkesfaglege studieretningar tilsvarar modul 1 og 2 det obligatoriske faget i norsk med 75 årstimar (gjennomsnittleg 2 veketimar på grunnkurset og 75 årstimar
(gjennomsnittleg 2 veketimar) på vidaregåande kurs I.
Vedlegg 2
Vurderingsordningar i norsk
Standpunktkarakterar
Elevane skal ha standpunktkarakterar etter kvart årssteg.
Resultat av prosjektarbeid skal inngå i standpunktkarakterane.
Dei elevane som tek 150-timarskurset i norsk med modul 1 på grunnkurset og modul 2 på vidaregåande kurs I, skal etter kvart årssteg ha to standpunktkarakterar, ein i
skriftleg og ein i munnleg. Karakteren i norsk skriftleg byggjer på det elevane presterer i norsk hovudmål skriftleg.
Eksamen
Dei elevane i yrkesfaglege studieretningar som tek 150-timarskurset i norsk (modul 1 og 2), kan kome opp til eksamen i norsk hovudmål skriftleg og norsk munnleg.
Oppgåvene blir gitt lokalt etter sentrale retningslinjer.