Den annsamme Han har ikkje stund til å stogge og ikkje tid til å sjå. Menneske som han møter dei ansar han aldri på. Mangt har han å rekkje over. Det gjeld um å fara fort. Mykje var det å gjera. Det auka dess meir han fekk gjort. Så lid det til endes med dagen. Han står der studd over stav og spør: Kva har livet gjeve og kvar har det vorte av? Slik jaga han gjennom livet utan å få det fatt. Ei glede sprang etter på vegen men nådde han aldri att. Jan- Magnus Bruheim |